🎉 Grendahuset 50 år – Nordbygda Ungdomslag 110 år 🎉
25.09.2025

Laurdag 25. oktober kl. 19:00
I år fyller grendahuset vårt 50 år, og Nordbygda Ungdomslag heile 110 år.
Det skal sjølvsagt feirast med ein skikkeleg fest! 🥳
🙌 Alle er velkomne
Unge, gamle og dei midt i mellom.
Me håpar spesielt å sjå att dei som var med på den store dugnaden for 50 år sidan, men like mykje dei unge som skal ta huset vidare inn i dei neste 50 åra.
🎶 Program
Frå scena vert det mimring og tilbakeblikk på det som har skjedd i huset gjennom åra.
Samningane og Microband spelar opp til dans, så her vert det moglegheit for både gammaldans og moderne dans.
Alle skal få prøvd dansefoten gjennom kvelden!
🍽 Servering
Det vert servert komper med alt som høyrer til.
Me har mjølk til maten og det vert sal av brus, men har du lyst på anna drikke tek du det med sjølv.
👗 Antrekk
Pynt deg slik du sjølv likar best.
Bunad er flott, men ikkje noko krav.
💰 Prisar
Alle under 26 år: 350 kr
Medlemmar: 450 kr
Ikkje medlemmar: 550 kr
📅 Påmelding
Send ein av oss ei melding seinast 10. oktober:
Britt Torunn – 400 46 766
Tone – 900 69 447
🎊 Vel møtt!
Dette vert årets fest, og noko du ikkje vil gå glipp av.
Helsing festkomiteen 💙🍎